Det er først når beiteintensitetane vert svært høge at planterikdommen total sett vert redusert. Ved svært låge beiteintensitetar, som ein ser i uthegninga bak den beitande er ofte artsrikdommen lågare enn i normalt beita skog fordi tre og lyngvekstar dominerer og skuggar ut dei lågt veksande planteartane. Foto: Stein Joar Hegland

Korleis påverkar eigentleg hjorteviltet det biologiske mangfaldet i skogane i våre nordlege økosystem? Svaret på dette er mangfaldig, men her viser vi nokre resultat frå forskinga i beiteprosjektet EcoDynDeer på Svanøy (sjå faktaboks 1 for meir om prosjektet). Det fins allereie ein del kunnskap om hjortevilt sin beiteeffekt på biomangfaldet, men sidan endringar i våre skogøkosystem ofte tek tid så treng ein datamateriale frå ein lang periode for å kunne gje nokolunde sikre svare på slike spørsmål (sjå faktaboks 2 om forsøksoppsettet). I tillegg så gjev den ofte brukte eksperimentelle uthegningsmetoden eit noko kunstig bilete av beiteeffekten og slike metodar må difor kombinerast med undersøkingar som nyttar den naturlege variasjonen i beiteintensitet for å kunne gje bruksretta og operasjonell kunnskap (sjå faktaboks 2).

Den intermediære forstyrringshypotesa som rettesnor?

Korleis varierer planterikdommen i blå- bærfuruskog mellom områder med liten og høg beiteintensitet? For å svare på dette testa vi samanhengen mellom beiting og artsrikdom ved hjelp av teori frå det som er kjent som den intermediære forstyrringshypotesa. Dette er ein klassisk, men til dels omstridd, teori frå økologien som seier at når forstyrringa (t.d. beiting, brann, ras, slått, stormfelling) i eit økologisk samfunn er på middels nivå er artsrikdommen størst. Ideen er at utan forstyrring vil dei sterkaste konkurrentane ta over og dominera systemet, medan ved høg forstyrring så er det berre pionérartane som overlever. Ved middels forstyrring førekjem artar av fleire typar og altså har ein då høgast artsrikdom.

«Difor må høge tettleikar av hjort, som er gunstig for artsmangfaldet i skog, kanskje etterfølgjast av korte, periodiske reduksjonar av hjortettleikar slik at rekruttering av vedplanter blir sikra.»

Beiteeffekt eller beitepreferanse?

Naturlegvis må ein i slike studiar som våre ta høgde for at samanhengen mellom hjortebeiting og planterikdom ikkje kan snus på hovudet; dvs. at ein finn høgare planterikdom der det er mykje hjort som oppheld seg. Artsrike område kan t.d. tilby meir variert og næringsrik kost. For å unngå at det er ein slik samanheng vi avdekker i prosjektet gjorde vi to tiltak. Først avgrensa vi studieområdet til ein skogtype (blåbærfuruskog) og eit geografisk lite område (øya Svanøy, 11km2 ) slik at den naturlege habitatvariasjonen var ganske liten. Deretter samanlikna vi våre beiteintensitetsanalysar med den utviklinga som fann stad i område der hjorten vart stengd ute. Dersom beiteintensitetsanalysane samsvarte med den eksperimentelle eff ekten av utestenging så sannsynleggjer det at våre funn kjem av nettopp ein beiteeff ekt og ikkje primært av hjorten sin beitepreferanse.

Hjortebeiting aukar planterikdommen, en ikkje for alle plantegrupper

Den totale artsrikdommen i blåbærfuruskogen på Svanøy viste ein samanheng med beiteintensitet frå hjort som dels underbygger den intermediære forstyrringshypotesa (Figur 1). Artsrikdommen auka med aukande beiteintensitet, men sank litt når beiteintensiteten var kunstig høg (i hjortefarmen). Funna vart stadfesta av uthegningsforsøket der artsrikdommen sank noko i ubeita og auka noko i beita over tid. Om vi deler opp materialet vårt i dei ulike artsgruppene som fi ns i skogen, dvs. unge tre, lyng, urter, gras, bregnar og mosar, så vert bilete noko meir nyansert. Det vi ser er at artsrikdommen av veddannande artar (unge tre og lyng) opplever ein lineær reduksjon med aukande hjortebeiteintensitet, medan dei lågtveksande felt- og botnplantene (urter, gras, bregne og mosar) opplever ei lineær auke med aukande hjortebeiteintensitet. Uthegningsforsøket syner grovt sett dei same trendane for alle plantegruppene, noko som under bygger at beiteeff ektane er reelle.

Figur 1. Samanhengen mellom beiteintensiteten av hjort og planterikdommen i underbestanden av blåbærfuruskogen på Svanøy. Grafen syner at planterikdommen stig innanfor aukande naturlege beiteintensitetar og minskar svakt ved svært høge og kunstige beiteintensitetar (dvs. i hjortefarmen på Svanøy). Linja i grafen svarar til ei kvadratisk regresjonslinje og dei statistiske analysane blei gjort med miksa eff ekt modellar som tok omsyn til det nøsta forsøksoppsett et.

laringa på beiteeff ektane

Resultata av analysane stemmer godt med den generelle kunnskapen ein har om hjorten sin beitepreferansar og om desse plantegruppene sin respons på beiting. Veddannande artar vert mykje spist på av hjort og hjortevilt, både fordi dei veks i ei gunstig beitehøgd og er relativt næringsrike om vinteren då anna mat er mindre tilgjengeleg. Treslag (i denne skogen: bjørk, einer, furu, hassel, kristtorn, osp og rogn) har generelt ein relativ dårleg evne til å unngå eller tolerere beiting, spesielt før dei er nådd ei viss kritisk høgd. Blant dei lågtveksande artane er både urter og gras godt likt av hjort, men mange av artane i desse plantegruppene er kjent for å tolerere beiting eller ha ei vekseform som vernar vekstpunkta mot beiting. Bregnar og mosar vert sjeldan beita av hjort. Altså vil overlevinga til vedartane kunne vera dårlegare enn for dei lågtveksande plantane i ein skog der hjort beitar. I skog med lite beiting kan det sjå ut som dei vedlevande planteartane tek over og konkurrerer ut ein del av dei lågtveksande feltplantene.

lusjonar for forvaltninga av hjort

Dersom ein ønskjer å forvalte skogen med mål om fl est muleg planteartar så peiker resultata våre mot at dagens stadvise høge tettleikar av hjort ikkje nødvendigvis er noko trussel mot dette må- let. Det er berre ved kunstig høge beiteintensitetar at vi på Svanøy opplever ein svak reduksjon av den totale planterikdommen, og det er ved ingen (i uthegningane) eller lite beiting at vi fi nn lågast artsrikdom i våre studieområde. Dersom ein derimot ønskjer å ta vare på artsrikdommen innanfor dei veddannande artane bør ein vurdera å ha relativt låge beiteintensitetar, altså låge hjortetettleikar. Desse artane kan òg vera svært viktig for andre artsgrupper som t.d. sopp, lav, insekt og fuglar som ein også må ta omsyn til ved forvaltninga av desse ville beitedyra. Vi nytta blåbær som indikatorplante for beiteintensitet (sjå også faktaboks 2), og det er nok neppe muleg å omsetje våre funn til ein spesifikk hjortetettleik. Vi kan likevel våge oss til å antyde at dersom mindre enn 50% av skota på blåbærplantene i eit område er beita så er det sannsynleg at hjortetettleiken er gunstig for planterikdommen.
Om dette gjeld som ei generell rettesnor må testast ut for fleire og større områder. Sidan hjorten er eit flokkdyr og opptrer med svært varierande tettleikar innanfor eit landskap er det grunn til å tru at hjortebeitinga ikkje er ein trussel for det totale plantemangfaldet i landskapa som hjorten oppheld seg i. Likevel kan det vera behov for ei hjorteviltforvalting som tek innover seg at tidsmessige tettleiksvariasjonar er vanleg i mange økosystem og at ein som naturforvaltar må streve etter å etterlikne naturens dynamikk (t.d. er bestandssvingingar meir vanleg der andre rovdyr enn menneske er til stades). Difor må høge tettleikar av hjort, som er gunstig for artsmangfaldet i skog, kanskje etterfølgjast av korte, periodiske reduksjonar av hjortettleikar slik at rekruttering av vedplanter blir sikra.